Om gården
Litt historie
Den første som bygde og bygsla her var Iver Lageson Djupdalen (f.1799). Han var g. m. Ingeborg Pedersdotter Sørbye. Kontrakta med Schielderup gjaldt for levetida for begge. Vilkåra var: 1 veke i onna med 1 kar i 1836, det samme plus 2 våronndagar i 1837, som i 1836 pluss 4 dagar i 1838, i 1839 2 veker, og i 1840 og seinare 3 vekers onnarbeid eller 6 ort årleg. (Sea auka til 4 spd.)
I 1842 flytta Iver til Volløkka, der Knut Larsson Andersplassen til no hadde bygsel. Dvs dei to karane bytta bygsel. Knut Larsson (f.1798) held fram med bygsla til 1870. Han hadde da lenge budd i Baggarden. I 1870 selte han alle husa til Marie Knoff (Brua), og overdrog plassen med alle rettar til henne.
Frøken Knoff leigde ei tid bort plassen til Halvard Simastuggu og nytta den deretter som seter under Strømnes(Brua) til 1892, da Iver Iverson Hylen overtok bygsla med hamnerett for 16 storfe og hest m.m.
Iver Hylen nytta også plassen som seter eller alsgard ei tid. I 1903, da søre Vollmarka vart delt, kjøpte han eigedomen, med hamn og skog og busette seg her. Sonen hans Annar Iverson Hylen fekk i 1918 skjøte frå Sand-arvingane for kroner 2340,00 og halvt kår.
Etter denne tiden ha Fortuna vore sjølstendig bruk, og er idag en både stor og veldyrka gard.
Kilde: Kvikne bygdebok
Etter konkursen på Røstvangen gruver, hvor flere bygninger ble solgt for rivning. Ble det store våningshuset på Fortuna reist, det hadde tidligere hvert en av bygningene på Røstvangen. Huset ble transportert av Annar sin bror, Iver Iversen Hylen med hest og slede.